
Frist 1. juli: Kunstnerstipend (Vestland Fylkeskommune)
Kunstnarstipend
Kunstnarstipenda skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnarlege uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk gjennom t.d. ein periode med fordjupning og/eller fagleg påfyll. Søk innan 1. juli.
Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.
Vi lyser ut 17 kunstnarstipend a 40 000 kr. Søknadsfristen for stipend i 2020 er 1. juli. Fristen kan bli justert for seinare år.
Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:
- Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
- Musikk
- Scenekunst (inkl. dans)
- Litteratur og film
- Anna/tverrkunstnarleg verksemd (søknaden vert då handsama i to ulike komitear)
Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l.
Les meir og søk HER!