Stikkord: dvt

Min venn fascisten – spilles til 14. desember

Billettar HER!
Det Vestnorske Teateret (Logen).
Varigheit 2 t og 20 min inkludert pause.

Min venn fascisten er ein morosam og underhaldande satirisk musikal med eit knallsterkt ensemble – som har fått flotte meldingar etter Bergenspremieren 15.11! I denne musikalen har vi med eit stjernelag av skodespelarar, med Lars Lillo-Stenberg i spissen som nazisten Fridolf.

Det er sommar. Seks venner er samla for sommarfest på brygga. Livet smiler. Men idyllen slår sprekker når politisk usemje mellom vennene siv til overflata: Er det eigentleg best med offentlege skular? Burde helsevesenet privatiserast? Kva meiner vi eigentleg om overvektige? Eller fattige?

Festen får ein brå og uventa vending når ein mann i naziuniform plutseleg dukkar opp. Han har med heimebakt kake, ferskpressa eplesaft – og er i det hele tatt ein utruleg hyggeleg fyr…
Kven er denne mannen? Kvifor er han så glad? Og kvifor i alle dagar er han iført naziuniform?

Gjer deg klar for årets frekkaste og mest underhaldande musikal med deilig feelgood musikk og med sjølvaste Lars Lillo i ei rolle du garantert ikkje har sett han i!

AV: Klas Abrahamsson og Erik Gedeon
Produsert i samarbeid med Teater Ibsen.
Framsyninga hadde Norgespremiere på Teater Ibsen i Skien 13. september og vart spelt på turné på Austlandet september-november.

6/11 Ettersnakk – 2010 Lollywood (Statsteatret)

Etter forestillingen onsdag 6. november inviterer Det Vestnorske Teateret og Proscen til ettersnakk.
Medlemmer i Proscen kan kjøpe rimeligere billetter til denne forestillingen. (200kr)
KJØP BILLETT TIL 6. NOVEMBER HER!


2010 Lollywood av og med Statsteatret

Med Statsteatrets niande framsyning ønsker vi velkommen til vår eiga samtid. Denne gongen har Statsteatret lagt ut på ei lang reise i håp om å få auge på oss sjølve. Handlinga er nemlig lagt til Lahore, Pakistan. Vi følger eit norsk filmselskap i sitt strev med å lage ein thrillar av internasjonalt kaliber. Med i det mangfoldige teamet finn vi også den norske skodespelaren Shahid Khan. Filmteamet kjempar mot klokka, kreditorar, korrupsjon og konspirasjoner, samt eit ublidt møte med ein tiger. Vil filmen nokon sinne bli ferdig?

Velkommen til ein fundamental reise i skuggen av mangotrea og til ein historie for folk flest. «2010 Lollywood» er eit samarbeid mellom Statsteatret, Oslo Nye Teater, Rogaland Teater og Det Vestnorske Teateret.

Av: Yngve Sundvor og Statsteatret.
Regissør: Yngve Sundvor.
Med: Per Kjerstad, Cato Skimten Storengen, Gard Bjørnstjerne Eidsvold og Kim Sørensen