Stikkord: dramaturgi

// 6. mai // Dramaturgi i praksis #1

Ein dramaturg blir ofte skildra som ein mediator mellom det kunstnaren ønskar å fortelje og å skape den opplevinga hjå publikum. Men korleis gjer ein det i praksis?

Proscen og Frontlosjen sett lys på dramaturgi og dramaturgens oppgåvar i praksis, med tre ulike fagdagar denne våren og hausten. Vi har invitert ulike dramaturgar til å fortelje om deira perspektiv og praksisar, og slik håpar vi å bidra til eit kunnskapsløft for scenekunst på vestlandet.
Desse fagdagane er opne for alle som jobbar med profesjonell scenekunst. (Meld deg på HER!)
.
Spor 1: Verktøy
Tid og stad: Torsdag 6. mai kl. 10.00, digitalt møte
(Lenke blir distribuert i forkant av møtet.)
.
Introduksjon til ulike praksisar og metodar for dramaturgisk arbeid i praksis.
Foredragsholdere:
– Solrun Toft Iversen (introduksjon)
– Lillian Bikset
– Åste Marie Bjerke
– Siri Løkholm Ramberg
.
Solrun Toft Iversen studerte dramaturgi og jobba på teater i Danmark i 15 år før ho begynte å jobba på Den National Scene i Bergen i 2009, der ho var sjefsdramaturg frå 2011. Ho er no teatersjef ved Det Vestnorske Teateret.
.
Lillian Bikset er dramaturg ved Den Nationale Scene. Ho har bakgrunn som teaterkritikar. (Dagbladet og Norsk Shakespearetidsskrift), omsetjar og skribent.
.
Åste Marie Bjerke er frilans-dramaturg med erfaring frå institusjonsteater og det frie feltet. Utdanna ved Universitetet i Bergen og Oslo Met.
.
Siri Løkholm Ramberg er dramaturg ved Det Norske Teatret. Ho har tidlegare arbeidd ved Oslo Nye Teater og Trøndelag Teater. Utdanna ved Universitetet i Bergen og Århus Universitet.
Takk til: Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret, Det Norske Teateret, Norsk Kulturråd og Bergen Kommune.
.
Spor 2: Modellar
Tid og stad: medio juni
Ulike dramaturgiske modellar som vert brukt i utarbeiding av ulike framsyningar
.
Spor 3: Dans
Tid og stad: slutten av august
Korleis jobbar ein med dramaturgi når ein ikkje har eit manus eller anna tekst som utgangspunkt?