Søknadsfrist Hordaland Kommunes kunstnerstipend

Kunstnarstipend til profesjonelle kunstnarar – innan ulike kunstfelt – busett i Hordaland

Kven kan søkje
Du må vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland for å kunne søkje kunstnarstipenda. Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning / i ein grunnutdanningsfase. Ein må søkje som enkeltkunstnar og grupper/orkester/firma el kan ikkje søkje som gruppe.

Kva kan støttast
Det vert i 2019 lyst ut 14 utviklingsstipend á 40 000 kroner.
Det er det kreative arbeidet som vert vektlagt. Det kan ikkje søkjast om midlar direkte til instrument, materiale, utstyr ol.

Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • Musikk
  • Scenekunst (inkl. dans)
  • Litteratur og film
  • Anna/tverrkunstnarleg

NB – HFK har i tillegg til desse stipenda særskilde stipend innan folkemusikk.

Om ein har fått kunstnarstipend gjennom HFK skal det gå minst 3 år før ein igjen vil verte vurdert for evt. nytt stipend.

Føremål med ordninga
Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.

Gjennom Regional kulturplan PREMISS: kultur har Hordaland fylkeskommune utarbeidd ein tydeleg politikk for det profesjonelle kunstfeltet. Innsatsområde 27 Kunstløft – det profesjonelle kunstfeltet har følgjande mål: Vilkåra for kunstproduksjon, visning/framføring og formidling av kunst i heile fylket skal styrkast. Regionen skal ha eit berekraftig og levande kunstliv med komplette verdikjeder.

Kunstnarstipenda skal supplere andre meir prosjektbaserte søknadsordningar ved å gje høve til å søkje midlar om å utvikle eige kunstnarskap i ein fase / periode, t.d. gjennom reise, ny kompetanse, utprøving av metodar el. utan å måtte ha utarbeidd prosjekt eller plan for ferdig kunstverk el.

3. juni
00:00 — 00:00