// 10. og 11. sept // Moving Images

Moving Images
Grov productions / Brita Grov
Fredag 10. september kl. 19.00
Lørdag 11. september kl. 19.00
Danseframsyninga «Moving Images» er basert på personlege tolkningar av bilete av tilfeldige par frå etterkrigstida. Samtidsdansarane Brita Grov (NO) og Ben King (UK) utforsker konseptet “embrace & loss” og belyser tydelege parallellar mellom etterkrigstida og notida.
Me lever i ei tid der mange kjenner på ein berøvelse frå det ein før tok for gitt der fleire kjenner på tap, sorg og lengsel.
I framsyninga handler begrepet «Moving Images» vel så mykje om rørslene i bileta, som det kjenslene eit bilete framkallar i deg. Det handlar like mykje om bilete bak kamera som bilete framfor kamera. Grov og King har spesielt fokusert på det sårbare henta frå bileta der dei dansar ut dei personlege kjenslene og erfaringane rundt fysisk kontakt og separasjon. Bileta får ein til å stoppa opp, leita, prøva å hugse tilbake, memorisera og reflektera. Eit bilete kan endra seg med tida, både falma og verta framkalle på nytt. På same måte som rørslene og kjenslene prøver å hugsa tilbake til historiane i kroppene til dansarane. Bileta er evig, samstundes som dei enkelt kan verta endra ut frå perspektiv og persepsjon.
Gjennom rå, fysisk dans og eit dynamisk samspel, tar duoen publikum med på ei reisa på innsida av bileta. Via interaktive element og udefinerte grenser mellom publikum og utøvarar, vil dei saman utforska tankar og refleksjonar rundt eigen situasjon og slik åpna for dialog rundt det å vera einsam og sårbar.
Kan dei sårbare forteljingane frå etterkrigstida bidra til ei betre forståing av utfordringar i dag knytta til avstand, hindringar og avgrensingar? Kva er eit bevegande bilete, for deg?
————
Kompani: Grov Productions
Idé/konsept: Brita Grov
Dansarar: Brita Grov & Ben King
Produsent: Charlotte Faaberg-Johansen v/Syv Mil AS
Co-Produsent: Wrap
Teknisk leder: Leo Preston
Lys designer: Leo Preston
Tekniker: Aistė Žumbakytė
Komponist & fotograf: Jørn Lavoll
Scenograf: Brita Grov & Ben King
Kostyme idé: Sang Hoon Lee
Ytre Auge: Irene Vesterhus Theisen
————
Støtta av:
Bergen Kommune, FFUK, Vestland Fylkeskommune, Wrap, Syv Mil AS, Bergen Dansesenter, Spinae Company, Holden Teater & Proscen
————
Restriksjoner:
Arrangementet har begrenset med plasser for å legge til rette for at alle restriksjoner om
smittevern ivaretas. Det er viktig at alle forhåndsbestiller billett til arrangement. Endringer kan komme på kort varsel.
: Hvis du opplever symptomer eller er i karantene, hold deg hjemme!
: Hold en meters avstand til enhver tid
: Utøv god håndhygiene før, under og etter arrangement.
: Bruk munnbind ved innslipp og utslipp.
: Alle som kommer på arrangement, må registrere kontaktinformasjon på Ticketco i forkant.
: Hvis du bestiller mer enn én billett eller gir din videre, er du pliktig til å opplyse om kontaktinformasjon til alle billettinnehavere.
Med dagens regler for arrangement, må du som reserverer plass oppgi riktig navn, epost og telefonnr. Kryss av i feltet for å bekrefte at du skriver inn riktige opplysninger. Ved reservasjon for flere plasser eller hvis du gir billetten videre, er du som kontaktperson ansvarlig for å ha oversikt over hvem som har brukt billettene. Telefonnummer vil kun bli benyttet i forbindelse med en eventuell smittesporing.

0 comments on “// 10. og 11. sept // Moving Images

Comments are closed.