// 1. juni // Søknadsfrist Kunstnarstipend VLFK

Kunstnarstipenda skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnarlege uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk gjennom t.d. ein periode med fordjupning og/eller fagleg påfyll.

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til  utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

  • visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • musikk
  • scenekunst (inkl. dans)
  • litteratur og film
  • anna/tverrkunstnarleg verksemd (søknaden vert då handsama i to ulike komitear)

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.

Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l.

SØKNADSSKJEMA HER!

0 comments on “// 1. juni // Søknadsfrist Kunstnarstipend VLFK

Comments are closed.