Billettar HER!
Det Vestnorske Teateret (Logen).
Varigheit 2 t og 20 min inkludert pause.
Min venn fascisten er ein morosam og underhaldande satirisk musikal med eit knallsterkt ensemble – som har fått flotte meldingar etter Bergenspremieren 15.11! I denne musikalen har vi med eit stjernelag av skodespelarar, med Lars Lillo-Stenberg i spissen som nazisten Fridolf.
Det er sommar. Seks venner er samla for sommarfest på brygga. Livet smiler. Men idyllen slår sprekker når politisk usemje mellom vennene siv til overflata: Er det eigentleg best med offentlege skular? Burde helsevesenet privatiserast? Kva meiner vi eigentleg om overvektige? Eller fattige?
Festen får ein brå og uventa vending når ein mann i naziuniform plutseleg dukkar opp. Han har med heimebakt kake, ferskpressa eplesaft – og er i det hele tatt ein utruleg hyggeleg fyr…
Kven er denne mannen? Kvifor er han så glad? Og kvifor i alle dagar er han iført naziuniform?
Gjer deg klar for årets frekkaste og mest underhaldande musikal med deilig feelgood musikk og med sjølvaste Lars Lillo i ei rolle du garantert ikkje har sett han i!
AV: Klas Abrahamsson og Erik Gedeon
Produsert i samarbeid med Teater Ibsen.
Framsyninga hadde Norgespremiere på Teater Ibsen i Skien 13. september og vart spelt på turné på Austlandet september-november.
0 comments on “Min venn fascisten – spilles til 14. desember”