Forfatter: Millan Persdotter Persson

UTROP: Frontlosjefestivalen 2020

Vil du delta på festivalen for fersk scenekunst?

Søknadsfrist 1. desember 2018

I februar 2020 går Frontlosjefestivalen av stabelen for tredje gong, og formidlar god stemning og fersk scenekunst på Cornerteateret tre dagar til ende. No søker vi etter nye prosjekt og deltakarar.

Frontlosjefestivalen er perfekt for nystarta teaterkompani, nyutdanna scenekunstnar eller ferske konsept.

Prosjektet de søker med treng ikkje vere ferdig utvikla – vi er ute etter den gode ideen, motivasjonen til å drive med scenekunst og det å syne gjennomføringsemne. Vi er på jakt etter både ferdige produkt og arbeidsvisningar.

Prosjekta blir vurdert ut frå grad av profesjonalitet, kvalitet og potensiale, samt om det er gjennomførbart innanfor festivalens rammer. Alle produksjonar må passe inn i Søylesalen/Kongesalen og kunne riggast inn og ut på éin dag. Vi legg vekt på prosjekt tilknytt vestlandsregionen, men er opne for søknadar frå heile landet.

Vi stiller med
– Visningslokale
– Organisatoriske rammer rundt framsyninga
– Grunnleggande teknisk utstyr og hjelp
– Generell marknadsføring
– Blest rundt festivalen og dei enkelte framsyningane til relevante aktørar og nettverk (t.d. Den kulturelle skulesekken, og andre festivalar og programmerande teater)
– Kunstnarisk og administrativ oppfølging
– Intensjonsavtale til søknader om stønad til prosjekta

De stiller med
– Eit nytt prosjekt basert på eigne kunstneriske idear
– Ein sjølvfinansiert produksjon
– Eigne aktørar, kunstnarisk team og teknikarar til gjennomføring av framsyninga
– Tilleggspromo for eiget prosjekt

Søknaden skal innehalde:
– Kven – skildring av kompani eller aktør(ar)
– Kva – kort prosjektskildring (maks éi side)
– CV – kort skildring av relevant bakgrunn frå dei medverkande (maks éi side)
– Førebels finansieringsplan

SØKNADSFRIST 1. desember 2018
Send søknaden til post@frontlosjen.com merka Søknad Frontlosjefestivalen 2020
Spørsmål kan rettast til same adresse.

MERK: Prosjektet er avhengig av tilstrekkeleg finansiering for at det skal kunne gjennomførast – endringar kan skje.