Månedens profil: Ingrid Saltvik Faanes

Proscen har valgt å presentere Ingrid Saltvik Faanes som månedens profil hos Proscen for februar/ mars 2018. Ingrid har vært tilknyttet Proscen både gjennom PROProdusenten og i samarbeid rundt Frontlosjefestivalen. Hun har vært seminarholder for Proscen flere ganger og involvert i flere av våre prosjekter. Hun er en av initiativtakerne bak Frontlosjefestivalen 22.-23. februar 2018. I den forbindelse ønsket vi å sette fokus på Ingrid, fordi hun er både dyktig, har et interessant blikk på scenekunsten og er initiativrik i sitt arbeid!

Hvorfor gikk du veien innenfor scenekunst?
Eg vaks opp på gard, men det appellerte meir å vere på vernissage enn i potetåkeren (mor mi var kunstnar, og bror min var heldigvis odelsgut).

Som den mellomste i søskenflokken, måtte eg kreve merksemda mi – det kom fort eit eksponeringsbehov. Eg elska å kle meg ut som barn (og vaksen, who am I kidding), på loftet stod ei stor eske med gamle kjoler og rufsete parykkar. Eg har eit sterkt minne av at eg «spelte inn musikkvideo»; eg sprang rundt i hagen og sang på engelsk (eller gibrish som mor mi trudde) og hadde kledd meg ut som ei stjerne med hårbørste til mikrofon. Slik forsvant eg inn i ei ny verd.

Da alle andre i bygda gikk skirenn eller sparka fotball, spelte eg teater (Ungdomslaget var berre for u.skolen og opp, lange år med venting altså). Eg var ho rare med (ludo) grøne kordfløyelsbukser, ikkje spesielt kult på bygda.

Eg kom heim da eg starta på dramalinja på Inderøy VGS. Det var forresten der eg vart kjend med Ragnhild, min makker i Frontlosjen. Men eg vart lei av å få karakterer på å spele teater, men eg var ikkje lei av teater. Derfor starta eg på teatervitskap i Bergen. Og sidan har eg vore her. Eg pleier å seie at Bergen var min første kjærleik.

Hva er ditt ankerpunkt i scenekunstfeltet for deg?
Mennesker klarar seg ikkje utan kunst og kultur. La oss gjere eit eksperiment: tenk på tre ting du ville tatt med deg til ei aude øy.

(tenkepause)

Dei fleste vil nok svare noko praktisk som aukar sjansane for å overleve, men òg noko å finne på, slik at ein ikkje blir koko. Eg ville tatt med kniv, noko til å samle vatn i og ei eske med uklednigsklede. Altså noko praktisk og noko kultur.

Min personlege motivasjon ligg mykje i kven eg er. Eg har eit medfødd organisator-gen, noko som kjem godt med til planlegging, systematisering og lister. Eg er sosial, noko som kjem godt med sidan grunnprinsippet i scenekunsten består av mennesker. Eg er kreativ, noko som generelt kjem godt med i kunsten. Mange har spurt meg kvifor eg ikkje vart kunstnar. Det er jo aldri for seint for å finne ut kva ein vil bli når ein blir stor.

Hva er dine tanker rundt scenekunsten i dag basert på utfordringer, gleder og begrensninger?
Utfordringar: Vanskelig å bli høyrd eller sett om ein ikkje ikkje lagar kontroversielle overskrifter. #dennyemediekvardagen #likogdel #ekkokammer #gull #grønneskoger #ilovetheatre #wenchefoss #trineskeigrande #brunost #erdetfortsattnokonsomlesdette #gratulerer

Og framsyningar som er ti minutt for lange kan vere veldig utfordrande.

Gledar: Alle dei framsyningane ein trudde skulle vere totalt uinteressante – kanskje på grunn av dårleg formidling, men som visar seg å vere ein perle. Og ein skulle ønske framsyninga var ti minutt lenger.

På veg til ei aude øy?

Begrensningar: Det er få prøvelokaler i Bergen kor ein kan bu seg inn og dermed lage scenekunst som verkelig gå inn i materien.

Fortell om Frontlosjefestivalen. Hvorfor trenger vi enda en festival? Hva skal denne fylle…
Gjennom supporterbloggen Frontlosjen.com har vi vist ei interesse for underskogen og dei ferske stemmane i den frie scenekunsten. Da vi var lei av å berre vere på internett, ville vi finne på noko IRL, og festival er gøy! Redaksjonen vart fort samde om å lage ein festival med ferske framsyningar av ferske scenekunstnarar.

Vi har mange stødige scenekunst-institusjonar i Bergen, men få arenaer som samlar det frie feltet. Det kan vere lett å gå seg vill som fersk scenekunstnar, og gjennom Frontlosjefestivalen får dei tillit og rom for å vise kva dei har å by på. Slik kan det bli enklare å markere seg på kartet. Det er viktig for oss at festivalen blir eit kvalitetsstempel aktørane kan ta med seg vidare i karrieren.

Foto: Magnus Halsnes

Med høg pinjata-faktor skapar vi god stemning og ein lavterskel arena for publikum å entre, utan at det skal gå på bekosting av kunstnarisk kvalitet. Vi trur sterkt på at eit godt miljø skapar betre kunst!

Hva er dine ambisjoner for framtiden?
Eg hadde som ambisjon å bli den media ringer når dei treng ekspertuttalingar. Men da Aftenposten ringte for å høyre min ekspertise om revy – eg skreiv jo masteren min i teatervitskap om revy – var det til slutt Tom Sterri som fekk uttale seg som ekspert da artikkelen kom på trykk. Så da stod eg att med to val: bli Tom Sterri, eller inspirere på anna vis. Eg konkluderte med at det siste var mest realistisk.

Uansett kva prosjekt eg jobbar med, håpar eg at det er på ein måte som kan gjere at kunsten påvirker folk. At dei blir litt klokare, kjenner på nye kjensler, blir provosert, tenker noko nytt, blir rausare, og går heim og skapar ei betre verd. Følger gamle damer over vegen, forbruker mindre plast, stoppar seksuell trakassering, eller ringar på hos den nye naboen frå Syria. Og slik kan kunsten redde verda.