Månedens profil: Silje Grimstad

Foto: Johannes Andersen

 

Eg ville ein gong bli scenograf. Men eg skjønte ikkje korleis eg skulle bli det.

Eg vaks opp i ei aktiv familie på ei øy på Vestlandet der det var mykje kultur, men lite av den institusjonelle sorten. Du fekk ikkje meir underhaldning enn det du laga sjølv.

Eg var ein klassisk resurssterk ungdom. Eg grafsa til meg det eg kunne frå ballett og kommunal musikk- og kulturskule. Eg var speidarledar, starta ungdomsklubb, var danseleiar, skreiv og framført sketsjar på julefest, sat i redaksjonen på skuleavisa, song solo i TenSing, sette opp musikal og spelte hovudrolla sjølv. Ikkje så mykje fordi eg var glad i merksemd, meir fordi eg ville lage noko ilag med andre, at ting skulle skje. Kulturen heime var basert på dugnad og inkludering.

På vidaregåande vart eg for fyrste gong introdusert for profesjonelt teater. Eg hugsar ikkje om det var Riksteateret eller regionalteateret Teateret Vårt som kom med ”Fruen fra havet” på det lokale samfunnshuset.

Det var starten på slutten av mi scenekarriere.
Eg ville lage illusjonane. Eg ville ta publikum ut av eit rom og inn i eit anna.
Etter vidaregåande hadde eg to mål. Eg var lei av skule og teori, eg ville jobbe kreativt og eg ville flytte til Bergen.

Det fyrste målet var ikkje enkelt. Det einaste som likna på praktisk teaterfag låg på Austlandet eller i Utlandet, og då kunne det vere det same. Eg flytta til Bergen og håpte på det beste. I verste fall kunne eg verte lærar, som brorparten av slekta heime. Eg studerte pedagogikk og sosiologi og endra mål til handarbeidslærar på folkehøgskule.

Våren 1999 gjekk eg aleine på eit rekruteringsmøte for lysgruppa på Det Akademiske Kvarter. Eg flytta til Sydneshaugen, slutta å lese og tilbrakte all mi tid på Kvarteret. Eg lærte masse av andre som nesten ikkje kunne nokon ting sjølv. Eg fekk kjende og ukjende band opp i hendene, og måtte berre slenge meg med i valsen. Av og til kom det flinke kule lysmenn frå Oslo på besøk. Eg stal som ein ramn!

Etter kvart fekk eg spørsmål om å gjere lys på Hulen. Der fekk vi løn. Og eg kjende at det er dette eg vil gjere. Dette gjer meg lukkeleg. Men igjen, skulle eg få papir på at eg kunne dette måtte eg til Oslo.
Så eg meldte meg opp til Sosiologi Mellomfag på Universitetet i Bergen.

Same våren fekk eg jobbe i crewet i Grieghallen under Festspilla. Eg møtte ikkje opp til andre eksamenen. Eg var på rigg. Eg gadd ikkje ein gong sjekke om eg sto på den første. I fjor var det 15 årsjubileum for at kulturarbeidaren Silje Grimstad dumpa frå Universitetet.

På dette tidspunktet budde eg i Kong Oscars gate, like ved Jernbanestasjonen. Det som då heitte AVAB-CAC heldt til på Banankaien, vegg i vegg med Pastasentralen. Eg kunne gå tørrskodd frå Jernbanestasjonen, gjennon overgangen til Bystasjonen, under gjennomgangen til Vestre Stømkai og inn på lageret. Kvar tysdag gjorde eg det. Måndagar var lageret fullt av kasser og utstyr som skulle ryddast på plass etter helga, men tysdag snudde dei boka og begynte å bemanne neste veke. Eg skjønte at eg måtte vere fysisk tilstades. Ikkje mase men minne dei på at eg fans. At eg måtte sitte rundt bordet på Garage og høyre dei snakke om høgtalarar, übernerdete ræl og ting eg ikkje forstod, til dei vente seg til at eg var der. Til eg ikkje lenger var ei jente, men ein kollega.

Eg var lenge einaste kvinnelege teknikaren i byen. Der var eit par før meg, men dei forsvann før eg kom. Vi er framleis flaut få. Jenter som vil bli teknikarar vert utfordra av gamle klisjear.

Eg har aldri vore fysisk sterk eller teknisk nerd. Men etter å ha løfta nok utstyr nok dagar på rad vart eg sterk, og eg lærte meg det eg måtte for å få til det eg ville. Som ein kollega sa; ”Det som er vanskeleg å lære er teft og god smak”.

Eg vart introdusert for og inkludert i BIT Teatergaragen. Vi var ein heilt fantastisk gjeng som heldt på på golvet der den gong dei hadde eit teater. Det er eit stort tap for Bergen at det no kun er institusjonsteatera som har dagleg teknisk drift. Dei same institusjonane som rekrutterer teknisk personale og ekstra bemanning nettopp frå miljøet BIT Teatergarasjen har skapt.

Eg skjønte etter kvart at eg ikkje fekk bli med banda som spelte i Bergen på turné. At ein skulle kunne fise i fred i bussen utan at det var jenter som var der å lukta på var eit av hovudargumenta. Så då vart eg med Dagfinn Lyngbø på turné i staden.

Eg lærte meg showlys, eg lærte å turnere, eg møtte kollegaer utanbys og vart kjend med kulturhus-Noreg. Eg reiste med Kvinner på Randen, Ylvis, Salhusvinskvetten, Christine Hope, Anne Kat Hærland.

Med erfaringa vaks tiltrua og eg fekk etter kvart fleire designoppdrag. Eg vart ein del av kompaniet Winter Guests, og engasjementet i det frie teaterfeltet i Bergen auka.

Det er noko av det eg likar best med kulturbyen Bergen. At rekruteringsgrunnlaget i stor grad er fundert på talent og hardt arbeid. Det andre er at miljøet er så lite at, om folk ikkje direkte kjenner kvarandre, så kjenner ein til kvarandre. Byen er stor nok til at det er interessant å jobbe her, men likevel så liten at ein både må og får jobbe på tvers av sjangergrensene. Så og seie alle eg kjenner til har ein fot i fleire kulturelle leirar. Folk veit også at dei du jobbar med i dag vil du møte igjen rundt neste sving. Er du eit rævhol vil jobbane forsvinne gjennom det.

Bergen er, i motsetning til Oslo der teknikarar gjerne jobbar innanfor eit felt, eit oppkome av teknikarar som i bransjen vert kalla crossoverteknikarar. Det er ikkje mange faste stillingar for lysteknikarar i denne byen. Vi har eit sterkt felt av freelanceteknikarar som både kan meistre klubbkonsert, utekonsert, filharmonien i Grieghallen, opera, fjernsyn og avantgardeteater. Ein vert sendt avgarde på jobb, og det du ikkje kan det må du lære. Kollegiet vert med dette også større, og grunnlaget for diskusjonane meir interessant. Dette er grunnen til at eg aldri har flytta.

USF, Logen, Ole Bull Scene, Ricks, DNS, Grieghallen, Østre, Ekko, Borealis, Oktoberdans, Meteor, Cornerteateret, Bergen Kjøtt, Wrap. Eg kjenner alle bakrom, eg føler meg heime. Eg trur eg kan telle på ei hand dei scenene og etablerte kulturorganisasjonane i Bergen eg ikkje har jobba på eller med.

Dei siste to åra har eg teke steget, med begge beina, tilbake i musikkbransjen. Eg har vore så heldig at eg har fylgt Aurora frå starten av. Ho har stola 100% på meg, og eg kjenner at vi saman har fått ein egen teatralsk magi inn på konsertscena. Eg kan skrolle ned bildefeeden på kva festival som helst og med eit halvt auge plukke kva bilde som er våre.

Det at ho er så synleg gjer også meg veldig synleg, og det ber kalenderen min preg av. I vår har eg lysdesign på Christine Hope si nye forestilling; ”Hope, skulder, kne og tå” på Ole Bull Scene, ”Eg ringer mine brør” på Hordaland Teater, nypremiere med Vibeke Flesland si trapesforestilling for barn; ”Klovneskrekk” på Cornerteateret, ”Sustain” som skal opp under Festspilla, også på ”Cornerteateret”, ”Fall” ei danseforestilling som er ein del av ”Munchmuseet i bevegelse” i Oslo og bestillingsverk til årets Vossajazz av og med Susanna Wallumrød.

Eg meiner sjølv at det eg har av teft og god smak, kombinert med opparbeida teknisk kompetanse og erfaring på tvers av sjangrar har blitt min styrke. Eg likar å tjuvlåne estetikk  og teknikkar frå teater, musikk, dans, show, rote det i hop og lage lys som utfordrar reglane for korleis ting ”skal” sjå ut.

Det eg likar best i verda er å jobbe saman med andre kreative sjeler og lage noko som er større en oss sjølve.

Siljelys.com

0 comments on “Månedens profil: Silje Grimstad

Comments are closed.