Månedens profil: Jeff Pedersen

Då eg var 19, flytta eg frå Nord Carolina til New York. Eg hadde med meg ein koffert og ein invitasjon til å begynne på The Acting Studio, ein teaterskule som spesialiserer i Meisner teknikk. Eg fann meg fort til rette i dette ukjente, men kunstnerisk spennande miljøet, fann meg jobb og kung fu skule. Eg var ambisiøs, og blei avhengig av denne drivkrafta. Dette har eg tenkt på seinare – ambisjonen min har vore eit anker, noko som alltid er der, som har hjelpt meg mykje.

I studietida i New York, i tillegg til skule og jobb, jobba eg som teaterteknikar på forskjellige teater. Eg visste at eg ville regissere ein dag, og tenkte det ville vere bra å forstå teateret sine mange aspekt, tekniske så vel som kunstneriske. Eg fekk mine første filmroller – m.a ei lita rolle i You’ve Got Mail med Tom Hanks og Meg Ryan og debuterte på Off-Broadway i Twelfth Night.

Etter nokre år kom eg inn på The Guildford School of Acting i England. Eg hadde lært mykje i NewYork – min teknikk har den dag i dag sterke røter i Meisner si lære. Men skulen hadde ikkje fulltidsprogram og eg ville vie all mi tid til skodespelarteknikk. Min plan var å kombinere Meisner sine metodar – å lytte, å vere tilstades og å vere kompromisslaus – med klassisk engelsk teaterteknikk. På grunn av mi interesse for kampsport og fekting, nytta eg også tida i England til å utdanne meg til scenekampinstruktør.

Etter å ha fullført skodespelarutdanninga mi, blei eg verande i England og jobba i film, TV og teater, gjorde mykje voiceover og motion capture (karakterarbeid for videospel) – mest som skodespelar, men og som regissør og kampinstruktør. Eg begynte å pendle til Norge, og koreograferte mykje kampscener på Vestlandet. Eg jobba på scenen med Kevin Spacey i The

page1image5850368page1image5850160

Philadelphia Story på The Old Vic Theatre og på film saman med Roberto Begnini i Tigeren og snøen. For TV har eg gjort mykje komedie og politisk drama – blant anna The Government Inspector (med Mark Rylance) og Britz(BAFTA, Best Drama 2008). Eg laga stemmer, bevelgelsar og koreografi for Playstation (Game of the year) Killzone 2. I tillegg jobba eg som dramalærar på Arts Educational School i London og på tv-programmet Britain’s Next Top Model.

I 2011 flytta eg til Vestlandet saman med kona og dottera mi. Eg innsåg at det blei vanskeleg å få roller med min tydelege sunnfjord-amerikanske dialekt, og eg var bekymra over kva veg karrieren min ville ta. Kven var eg viss eg ikkje blei driven av mine ambisjonar? Eg ville ikkje finne svaret på det, eg fokuserte heller på regi og på å skape mine eigne prosjekt. Norge støttar ny kunst i mykje større grad enn Amerika og England, og eg ville prøve å utnytte det. Sogn og Fjordane og spesielt Sogn og Fjordane Teater har teke vel imot meg. I fjor spelte eg Kurt i Soft sin produksjon av Dødsdansen (heldigvis kom Kurt rett frå Amerika) og eg kjem til å ta over regien av Kinnaspelet dei neste tre åra.

Eg har vore heldig å fått mange regi-oppgåver som har gitt meg økonomisk fridom til å utvikle mitt eige teaterkompani. Å lage teater i Sogn og Fjordane er utfordrande i seg sjølv, der ein må skape turnevennlege framsyningar eller produsere noko som er attraktivt nok for eit større publikumsområde. For meg er det spennande å produsere stadbunde teater, der framsyninga er knytt til ein bestemt stad, som ikkje nødvendigvis er i eit teater eller i ein grusom idrettshall. Det er viktig for meg at publikum ikkje blir sittande passive og dømmande, men at dei føler seg deltakande i den kunstneriske prosessen. Dette kan ein lettare oppnå utanfor det tradisjonelle teater rommet. Kan ei turnerande framsyning vere stadbunden? Fokuset mitt har vore å skape ei forteljing som kan gli inn i fleire typar rom. Då eg regisserte Herr Kurz og damene, av Rolf Losnegård, historia om ein tysk forfattar og målar, ville eg bruke liten rigg og turnevennleg scenografi for å komme inn i eit par spesifikke rom. Framsyninga var skreddarsydd til både gamle herskapshus, bibliotek og målarstudio. Publikum ville ha eit forhold til kvar spelestad som ville løfte teateropplevinga.

I fjor sommar produserte og regisserte eg Staveneset.Krig. Framsyninga var basert på ei sann historie frå andre verdskrig. Engelske telegrafistar spionerte på tyske skip frå ei hole på kysten i Sogn og Fjordane og blei tatt vare på av eit ungt par. Vi spelte framsyninga der det skjedde, i ei stor, mørk hole der inngangen er gøymt i ein liten granskog. I hola rann det ei underjordisk elv og høgt innhald av jern gjorde steinen mørk og truande. Vi brukte hola som den var, hadde lyd, men brukte berre det naturlege lyset får parafinlamper og bål – som hadde god effekt mot jernårene i fjellet. Vi bygde eit amfi med plass til 130 menneske oppe i trea i opninga av hola. Det blei halde oppe av sju store grantre. Forsvarsdepartementet lånte oss uniformar frå 1940 og eit krigsskip som fyrte av salutt ved starten på framsyninga. Vi hadde sju fulle forestillingar. Eg ville teste kor knytta folk i Sogn og Fjordane var til spesielle geografiske og historiske stadar. Dette er ei nisje eg vil utnytte og forsette å utforske – å skape stadbunde teater som glir inn i den fantastiske naturen som regionen har. Teater i ein foss, på toppen av eit fjell – inn i eit rustent skip eller i ein nedlagt fabrikk eller skule. Speleplassen kan vere med å styrke opplevinga til publikum. Dette er ei spennade kunstform i Norge.

Teater, som all kunst, bør vere farleg og utfordrande for både dei utøvande og for publikum. Det bør ikkje vere høfleg, overfladisk eller fullt av kule påfunn. Teater er blod, sex og gjennomborande sanning. Det er risikabelt å flytte til eit nytt land, men det opnar også dører. Eg vil lage ein plass til meg her, og den einaste måten å gjere det på er å vere tru mot mine kunstneriske ambisjonar.

Meir info finn du på www.jeffpedersen.no

0 comments on “Månedens profil: Jeff Pedersen

Comments are closed.